Streiken for tariffavtalen ved fiskeindustriverksemda Sekkingstad på Skaganeset har foreina venstresida, hevda hovudtalar Jarle Wilhelmsen frå NNN under 1. mai-samlinga på Fjell Rådhus.

Fjell faglige forum, den formelle arrangøren av 1. mai-samlinga på Fjell rådhus, hadde samla dei fleste lokale aktørane på den politiske venstresida til markeringa dette året.
For første gong deltok også Raudt på arrangementet.
– Raudt er spesielt invitert, seier ordførar Marianne Sandahl Bjorøy til nettavisa Tunnelsyn.no.
«Slaget» på Sekkingstad
Hovudtalar Jarle Wilhelmsen, 1. nestleiar i Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN), tok utgangspunkt i lokale tilhøve.
Det han karakteriserte som «slaget på Sekkingstad», var dei fagorganiserte sin kamp for ein tariffavtale med lik løn, lik arbeidstid, rett til fagorganisering og like vilkår elles for norske og polske arbeidarar ved fiskeindustriverksemda på Skaganeset.
– Bård Sekkingstad er eit døme på slike gründarar vi må verna oss mot, hevda Wilhelmsen. Fiskeindustri og havbruk framheva han derimot som høgteknologiske næringar med framtidige arbeidsplassar.
– Streiken for tariffavtalen på Sekkingstad var ein streik arbeidarrøyrsla trengte. Den samla den politiske venstresida. Då eg såg medieoppslaga i Polen, skjøna eg at det var ein streik også polske arbeidarar trengte, la Vilhelmsen til.
Les: Fryktar statsstøtta slaktefartøy vil flagga ut arbeidsplassar
Les: Norse Production på Skaganeset melder oppbud
Norge treng eit regjeringsskifte. Med den politiske retorikken som gjeld under dagens regjering, er det blitt umogleg å gå til angrep på sosial dumping som er det verkelege problemet i norsk arbeidsliv. I staden er det berre tillate å ta opp problem relatert til arbeidslivskriminalitet, beklaga NNN-nestleiaren.
Kampen mot sosial dumping er døme på ei sak som kan foreina partane på venstresida, slik at dei kan kjempa saman for eit sterkare fellesskap.
-La høgresida kjempa internt, oppfordra Wilhelmsen.
Trekkjer mot venstre
Sjølv om Raudt var invitert inn i varmen, unnlot ikkje lokallagsleiar Nils Bjarte Sæle i appellen sin å minna om dei mange viktige forskjellane som framleis finst på venstresida i norsk politikk.
– Rødt får vera eit fyrtårn som viser retninga tilbake til arbeidarrøyrsla sine opphavelege verdiar, når «de ansvarlege styringspartia» lar seg styra ut av kurs, avslutta Sæle eit innlegg prega av ikkje så reint lite ironisk retorikk.
One thought on “Brei samling på venstresida 1. mai”