Å styrka sjøtransporten si konkurranseevne og modernisera havnedrifta vert hovudoppgåva når Bergen Havnevesen vert omdanna til aksjeselskap frå 1. mai.

Bergen Havnevesen har vore ein av dei store eigedomsaktørane i Bergen. Når verksemda vert omdanna til aksjeselskap frå 1. mai, vert eigedomane overført til Bergen kommune. Det nye selskapet som får namnet Bergen og omland havn AS, skal konsentrera seg om hamnedrift og sjøtransport, melder selskapet på heimesida si.
-Vi ønskjer å vera ein pådriver for fremtidsretta sjøtransport. Den nye selskapsformen gjev oss ein unik mogelegheit til dette, seier havnedirektør Johnny Breivik.
Les: Vil laga smarthavn på Ågotnes
Les: Havnesamarbeidet er i havn
Eigarskap
Eigarar av det nye hamneselskapet vert Bergen, saman med nabokommunane Askøy, Austrheim, Fedje, Fjell, Lindås, Meland, Os, Radøy, Sund og Øygarden.
Varaordførar Tom Georg Indrevik i Fjell vert styreleiar for det nye selskapet.
Les: Inviterer til offentleg eigarskap i Ågotnes havn
Redusert volum
Havnene i Hordaland er mellom dei mest travle i landet, takka vera dei store voluma av olje og gass over ilandføringsanlegga på Kollsnes, Sture og Mongstad. Leiaren for det nye havneselskapet får likevel eindel å bryna seg på. Godstransporten på sjø har dei seinare åra tapt stadig større volum over til veg.
Les: Mindre gods over Bergen havn
Førebur flytting til Ågotnes
Endringa av selskapsform inneber at eigarskapen av havneanlegget på Dokken vert overført til Bergen kommune. Bergen og omland havn AS vil leiga anlegga tilbake, inntil tida er moden til å flytta havna til Ågotnes.