Sommartemperatur i påskehelga har lokka hageeigaren ut i sola.
Ein uvanleg mild vinter har vike plass for ein uvanleg tidleg vår. Skyfri himmel, temperaturar opp mot 20 grader og tilnærma vindstille har gjeve sommarkjensle alt i påskehelga.

Eg er ikkje aleine; Bjørk og hegg står med grønskjær, knallraud rododendron og spirkvit magnolia lyser alt opp i hagen. Tre veker tidlegare enn i fjor – som også var eit tidleg år.

Plommetreet har alt opna dei første kvite blomane i breide kvite smil mot verda. Eit vårleg spiskammers for bier og humler på leit etter pollen.
Grønt gras dekkjer alt lauvet som fall i fjor. Gjer ingenting det, vert god gjødsel av slikt. Og mindre arbeid for hageeigaren. Ho treng berre konsentrera seg om å fjerna greinene som falt av trea gjennom ein vindfylt vinter.
Hagestellet konkurrerer med lokale turterreng om fridagane. Utmarka på Sotra er alt farande for kvinner i joggeskog. Siste glimt av snøen fekk eg på Ulriken. Godt vaksne kvinner har då framleis energi til å ta seg over Vidden ein solskinsdag…

Ein snartur innom Vossajazz vart det og tid til: Kven kan vel motstå det når Olav H. Hauge og Hildegunn Rise lokka med «Under stjednone»? Eg seier ikkje meir.
…og framleis er det to helgedagar att!