Sommarskulen har hjulpe mange ungdommar til å få den matematikkforståinga dei treng for å koma vidare i utdanninga.

Sommarskulen er eit gratis tilbod om eit to vekers intensivkurs i matematikk for elevar i vidaregåande opplæring i Hordaland.
Det årvisse tilbodet er resultatet av eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune og Røde Kors. Eit 150-tals elevar pleier årleg nytta seg av tilbodet.
I år vert sommarskulen arrangert i dagane 24. juni til 5. juli. Kursstadar vert Bergen, Knarvik og Stord.
På Knarvik kan elevar frå andre stadar i fylket og som bur for langt vekke til at dei kan reise til og frå på dagen, få tilbod om overnatting.
Det vert ikkje sommarskule på Askøy i år.
Les: Brukar ferien til å læra matematikk
Undervisninga vert retta mot elevar i yrkesfag og lærlingar som treng eksamen i matematikk frå Vg1.
Det vert gjeve eigne kurs i matematikk for elevar på studiespesialiserande, men utan avsluttande eksamen.
Elevar utan norsk som morsmål og som har budd kort tid i landet kan få tilbod om norskundervisning.