Liegruppen AS vil gjerne ha råd om korleis det nye bustadområdet på Nordre Bildøy kan utformast.

10. april inviterer Liegruppen AS til medverknadsmøte om utforminga av områdereguleringsplanen for delområde SE1. På det 280 mål store området planlegg dei ein heil bydel med kan hende så mange som 10.000 innbyggjarar.
Les: Avslørte planane for Bildetangen
Møtet er ope for alle interesserte. Initiativtakarane er likevel særleg opptekne av å samla potensielle framtidige bebuarar, både unge og eldre, politikarar og medlemmar i ulike interesseorganisasjonar, seier Jan Arthur Nilssen i Liegruppen AS til nettavisa Tunnelsyn.no.
-Dette vert meir enn berre eit informasjonsmøte, lover Nilssen.
Planen er å rigga til eit arbeidsmøte der deltakarane kan diskuterer i grupper nokre av dei spørsmåla som opptek eigedomsutviklarane no i forkant av første versjon av planen.
I etterkant av møtet vil planeigarane trenga tid til å drøfta og innarbeida tilbakemeldingane frå deltakarane. Framlegginga av den første planversjonen kan difor ikkje skje før over sommaren, antydar Nilssen.
Planarbeidet så langt har vore omfattande. Sidan planlegginga tok til for 14 år sidan har dei investert 50 millionar kroner i utviklinga. Før dei første innbyggjarane kan flytta inn reknar dei med å måtta ha investert mellom 100 og 150 millionar i planar og infrastruktur.
Møtet vert halde i kantina på Fjell Ungdomsskule.
One thought on “Vil ha råd om Bildetangen”