Planen for utbygging av Solveig-feltet i Nordsjøen legg opp til å senda olja frå feltet til Stureterminalen.
Oljeselskapet Lundin har i dag overlevert planen for utbygging av Solveig-feltet til olje- og energidepartmentet.
Undervassutbygging
Olje- og gass-feltet, som tidlegare vart kalla Luno II, skal byggjast som ein undervassutbygging og koplast opp mot Edvard Grieg-plattformen, ifølgje ei pressemelding frå departmentet.
Frå Edvard Grieg-plattformen vil olja sendast i rør vidare til Stureterminalen via Grane oljerør.
I første fase ventar operatørselskapet å kunna henta opp 57 millionar fat oljeekvivaltentar.
Norske kontraktar
Samla investeringar før Solveig vert sett i drift i 2021 er venta å villa utgjera 6,4 milliardar kroner. 60 prosent av midlane vil gå til den norske leverandørindustrien.
Technip FMC har fått tildelt kontrakten på alt utstyrt som skal plasserast på havbotnen, i følgje heimesida til operatørselskapet Lundin.