Eit par tusen ungdomar trassa vergudane og skulane sine fråversreglar for å streika for klimaet i Bergen i dag.

Det gjeld å handla! No!, var temaet for dei mange parolane og dei taktfaste slagorda frå dei 2.000 – 3.000 ungdomane som deltok i den lokale markeringa av den internasjonale klimaaksjonen.
-Etterlat jorda slik du vil ønskja å finna den, laud ein av parolene som dei miljø- og samfunnsengasjerte ungdomane samla seg bak.

-Det finst ingen planet B, var eit anna bodskap.
Storparten av deltakarane verka vera frå barne og ungdomsskular i Bergen. Det var langt mellom ungdomane frå Sotra og Askøy under markeringa. Dei få nettavisa Tunnelsyn.no traff på, ønska verken å verta intervjua eller tekne bilete av.
– Klima er eit spørsmål som opptekt elevane. Engasjementet er sterkt, forsikra rektor Magnhild Hakestad ved Sotra vidargåande ovanfor nettavisa Tunnelsyn.no i fredag morgon.
Kor mange av elevane ved skulen som kom til å delta i markeringa var Hakestad likevel usikker på. Elevar frå vidaregåande skular i Hordaland som valte å delta ville få sokalla «udokumentert» fråvær, noko som truleg la ein dempar på streikeviljen.
One thought on “Streika for klimaet”