Innbyggjarane i kommunane vest for Bergen ligg framleis i topp i fylket når det kjem til sjuefråvær, sjølv om utviklinga går rette vegen.

fylkesdirektør Anne Kverneland Bogsnes i NAV.
Meir enn 742.000 dagsverk gjekk vekk som følgje av sjukefråvær i Hordaland dei tre siste månadane i fjor, ifølgje NAV.
Øygarden toppa sjukefråværsstatistikken i fylket i siste kvartal i fjor. Det legemelde sjukefråværet i kommunen var då på 7,1 prosent.
Tala inneber at sjukefråværet i Øygarden var 1,9 prosentpoeng høgare enn i fylket sett under eitt.
Sund kom på fjerdeplass i Hordaland, med eit legemeld sjukefråvær på 6,3 prosent. Tett følgd av Fjell, med 6,1 prosent.
Tala inneber at sjukefråværet gjekk noko ned i Sund og Fjell i kvartalet, medan det var stabilt i Øygarden.
Høgast er sjukefråværet innan helse- og sosiale tenester, ifølgje NAV.
På landsbasis står psykiske lidingar og muskel- og sjelettplager for 60 prosent av alle sjukmelde. Kvinner er noko meir utsette for psykiske plager enn menn.