Greit med Geit UB lagar smakfulle produkt av geitekjøt. Det vinn dei prisar for.

Dei «heimelaga» kjøtbollane og kjøtpølsa med geitekjøt fell i smak. Ungdomsbedrifta med elevar frå vg2 kokk og servitør på Sotra vidaregåande stakk av med heile fire førstepremiar og ein tredjepremie i konkurransen om beste ungdomsbedrift i Hordaland, melder Hordaland fylkeskommune i ei pressemelding.
Med seg heimatt til Sotra fekk ungdomane førstepremiane innan gastronomi, rekneskap, beste yrkesfaglege verksemd og for å ha det produktet med best berekraft.
Ungdomane fekk og gullbillett til NM. Neste konkurranse dei deltek i vert på Lillestrøm.
Det er Ungt Entrepenørskap i Hordland som stod bak konkurransen. Heile 87 klassar deltok.
One thought on “Ungdomsbedrift set geit på menyen”