Ei verksemd vil aleine verta kravd for 70 prosent av all eigedomsskatten som skal inndrivast i Fjell i år.

Det kjem fram av skattelista for 2019 som vart lagt ut på heimesidene til Fjell kommune i dag.
Les skattelista på heimesidene til Fjell kommune.
Kutta næring
Eigedomsskatt har lenge vore eit betent tema i Fjell. Etter mykje om og men innførte kommunen eigedomsskatt på næring, verk og bruk i 2016. Under budsjettdebatten før årsskiftet fekk Høgre og FrP knapt fleirtal for å kutta eigedomsskatten på næring dette året.
Les: Skattekutt til næringslivet – ingenting til dei mest vanskelegstilte
Som følgje av vedtaket skal ingen næringsbygg skattleggjast dette året, berre maskiner og utstyr. Dei er no retakserte i samsvar med det nye regleverket, seier rådgjevar Heine Kleppe i Fjell kommune til nettavisa Tunnelsyn.no.
Merkbart utslag
Effekten av budsjettvedtaket framkjem tydeleg av skattelista for 2019. Heile 86 prosent av verksemdene som måtte ut med eigedomsskatt i fjor, slepp unna dette året.
I fjor var det 325 verksemder i Fjell som bidrog med til saman 5,4 millionar kroner i eigedomsskatt til kommunekassen. 279 av dei slepp betala eigedomsskatt for 2019, ifølgje Kleppe.
Vedtaket vil og merkast godt i kommunebudsjettet. Fjell kommune får kutta inntekta frå eigedomsskatt med 82 prosent samanlikna med fjoråret.
Lovendring
Berre 46 verksemder i kommunen kjem inn under kategorien verk og bruk, og kraftverksinstallasjonar. Til saman skal dei betala 952.474 kroner i eigedomsskatt for 2019, ifølgje skattelista.
Fleirtalet av dei 46 verksemdene kan sjå fram til at eigedomsskatten på verk og bruk vil verta gradvis avvikla fra mot 2025, som følgje av ei lovendring i Stortinget like før årsskiftet, seier Kleppe.
Kraftverksinstallasjonar
For at den nye kommunen ikkje skal mista dei store skatteinntektene frå ilandførings- og prosessanlegga i Øygarden, vart det i budsjettdebatten og vedteke at eigedomskatten på kraftverksinstallasjonar skal trappast gradvis opp. For 2019 inneber det ein auke frå to til tre promille av skattegrunnlaget.
Les: Slik vil Fjell oppretthalda mest mogeleg av inntektene frå eigedomsskatten
BKK
Berre tre verksemder i Fjell vert omfatta av denne siste endringa: BKK sitt høgspentnett gjennom kommunen, og to oppdrettsanlegg. BKK vert den desidert største betalaren av eigedomsskatt i Fjell i år. Netteigaren må ut med 672.777 kroner, tilsvarande 70 prosent av den samla eigedomsskatten i Fjell kommune.