Slepet av fregatten KNM Helge Ingstad dei 30 kilometrane frå Sture til Hanøytangen gjekk etter planen.

Det var 8. november i fjor at fregatten KNM Helge Ingstad sank etter å ha kollidert med eit fullasta tankskip på veg ut frå Sture-terminalen i Øygarden.
Les: Fregatt med sterk slagside etter kollisjon med tanskskip ved Stureterminalen
Dårleg ver førte til at bergingsoperasjonen har måtta utsetjast fleire gongar. Endeleg tirsdag denne veka kunne arbeidet med å tømma havaristen for vatn ta til. Av frykt for store dønningar ytterst i Hjeltefjorden, bestemte redningsmannskapa onsdag morgon å iverksetja plan B: Dei ville slepa fregatten i halvt nedsunken tilstand dei 30 kilometrane til Hanøytangen, istaden for å fullføra hevinga utanfor Sture.
I dag morgon var KNM Helge Ingstad framme ved verftet på Askøy. Store delar av fregatten er no over vassflata.
Bergingsoperasjonen har så langt gått etter planen, kunne Anders Penna i bergingsselskapet BOA og som har leia abeidet, fortelja under ein pressekonferanse på Hanøytangen no i ettermiddag.
300 personar
Meir enn 300 personar har vore involvert i den svært omfattande bergingsoperasjonen, der dei enorme kranlektarane «Rambiz» og «Gulliver» har spela hovudrolla.
Dette var berre første trinn i bergingsoperasjonen. Framleis står det mykje att før KNM Helge Ingstad kan vera tilbake på Haakonsvern.
Fregatten skal no tømmast heilt for vatn, og deretter løftast trygt over på ein lekter før han kan slepast til marinebasen. Eit arbeid som venteleg vil vera avslutta i løpet av helga.
I Kystverket er dei og svært nøgde med måten bergingsoperasjonen har vore handtert. Meir enn 55 kubikkmeter diesel er teken opp frå havaristen sidan desember. Utsleppa til miljøet har vore minimale, og den mariene dieselen som har sluppe ut har løyst seg opp, ifølgje beredskapsdirektør Johan Marius Ly i Kystverket.
2 thoughts on “KNM Helge Ingstad ved kai på Hanøytangen”