Fiskeriminister Harald T. Nesvik vil ha ein ny runde i retten om slaktefartøyet Norwegian Gannet skal kunna frakta sokalla produksjonsfisk ut av landet.

Slaktefartøyet Norwegian Gannet skal henta oppdrettsfisk i merdene langs Vestlandskysten og slakta han undervegs til Hirtshals.
Les: Utfordringar i kø for norsk slaktefartøy
Fartøyet vil forkorta fisken si ferd frå slakteri til den europeiske marknaden med fleire døgn. Samstundes vil det norske vegnettet verta spart for fleire tusen vogntog, ifølgje reiarlaget Hav Line AS som står bak nyskapinga.
I samband med slaktinga vil fisk med sår og misdanningar verta sortert ut. Fiskeriministeren reagerer på at denne utsorteringa vil skje i Danmark, og ikkje i Norge, slik Kvalitetsforskrifta for fisk tilseier.
– Forskrifta skal bidra til at fisk av dårleg kvalitet ikkje havnar ut i marknaden, seier Nesvik.
Nærings- og fiskeridepartementet vedtok før årsskiftet å nekta Hav Line AS dispensasjon frå forskrifta.
Etter klage frå Hav Line AS vedtok Bergen Tingrett i januar at Nærings- og fiskeridepatmentet tolkar Kvalitetsforskrifta feil, og at utsorterings kan skje utanfor Norges grenser.
No varslar fiskeriministeren og Nærings- og fiskeridepartementet ein ny runde i retten om korvidt utsorteringa av fisk med produksjonsfeil kan skje i Danmark.
-Vi vart overraska over at saka vart avgjort utan at departementet fekk leggja fram si side av saka. Vi er svært oppteken av at kvaliteten på sjømaten er høg, og at vi opprettheld det gode omdømet som norsk fisk har i utlandet, seier Nesvik i ei pressemelding frå Nærings- og fiskeridepartementet.
Det er Sekkingstad-familien, saman med Haugland Gruppen AS i Bergen som eig Norwegian Gannet.
One thought on “Nesvik vil ha omkamp i retten”