Det er noko eige med gamle seglskuter. Til sommaren vert det seglskutefest i Bergen att.

Tett oppunder 100 stolte segleskuter vert forventa å innta Vågen i Bergen under Tall Ships Races i dagane 21. – 24. juli.
Ombord vil det vera eit mannskap på 3.000 personar, frå 30 nasjonar.
Strusshamn er ein av dei hamnane i Hordaland som skipa skal innom undervegs til Bergen. Alle stadane vert det lagt opp til lokale arrangement.
I 2014, sist Bergen var vertsby, trakk arrangmenetet 600.000 besøkjande. I Hordaland fylkeskommune ventar dei at årets arrangement vil verta like vellukka som dei fire føregåande, og løyver ein million kroner til festen.