Rådmann Rune Lid takkar alle tilsette i Sund kommune for god innsats og god økonomisk styring og kontroll i 2018.

Eingongsutbetalinga frå Havbruksfondet på 10,8 millionar medverka til at Sund kommune fekk eit netto driftsresultat på 18,7 millionar kroner i fjor. Resultatet er 9,2 millionar høgare enn budsjettet tilsa, skriv ein nøgd rådmann Rune Lid i ein epost til nettavisa Tunnelsyn.no.
Sund fekk i fjor ein driftsmargin på 3,4 prosent. I 2017 fekk kommunen eit netto driftsresultat på 19,1 millionar kroner og ein driftsmargin på 3,6 prosent.
-Mål for god økonomisk styring tilseier ein driftsmargin på 1,75 prosent, ifølgje Lid.
-Sund kommune har med bakgrunn i relativt gode økonomiske resultat dei siste åra kunna gjere avsetningar til fond. Dette bidreg til at vi kan handtere eventuelle svingingar i inntektene slik at vi kan sikra rom for stabilitet i tenestene våre, skriv Lid.
One thought on “Sund dobla overskotet med Havbruksfondet”