Barnhagekjeden Espira ønskjer å etablera seg i Fjell. Foreldre som ønskjer å senda ungane i ein forskarfabrikk-barnehage må likevel smørja seg med tolmod.

Det var i november i fjor at barnehagekjeden Espira kjøpte to tomtar i byggjefeltet Brurasteinane i Fjell frå utbyggjaren JM Norge. For det delvis opparbeidde arealet på nær 6,5 mål, regulert til barnehage, betalte Espira 10 millionar kroner.
Langsiktig
– Dette er eit strategisk oppkjøp, medgjev kommunikasjons- og organisasjonsdirektør Jens Schei Hansen i Espira i ein epost til nettavisa Tunnelsyn.no
Noko bygging vert det ikkje med aller første. Først om fem til sju år reknar konsernleiinga med at barnehagen med plass til 140 – 150 born kan stå klar til opning.
– Når og korvidt det vert ein barnehage der kjem an på framdrifta i det planlagte bustadprosjektet, og dialogen vår med kommunen, skriv Schei Hansen.
Konkurranse om ungane
– Vi har stor tru på ei positiv folketalsutvikling i kommunane rundt Bergen, skriv kommunikasjons- og organisasjonsdirektøren.
Fjell er ein ung kommune. Konkurransen om ungane er sterk. Vel 1.500 barnehageungar ved utgangen av 2017 tilseier ei barnehagedekning på 88 prosent. Berre kvar fjerde unge går i ein kommunal barnehage.
Forskarfabrikkar
Fleirtalet av barnehagane til Espira vert kalla «forskarfabrikkar». Det vil seia at ungane får utforska og eksperimentera med realfag. Det er ein slik Espira planlegg å etablera i Fjell.
Børsnotert
Med eit 100-tals barnehagar kringom i Norge er Espira er ein av dei største private aktørane innan sektoren. I Hordaland driva dei alt 16 barnehagar, mellom anna i Bergen, Askøy, Os og Meland.
Espira er ein del av det børsnoterte nordeuropeiske utdanningskonsernet AcadeMedia som driv barnehagar, grunnskular, vidaregåande skular og vaksenopplæring.
Espira har norsk hovudkontor på Karmøy. Hovudkontoret til AcadeMedia ligg i Stockholm.
One thought on “Børsnotert utdanningsskjede siktar mot Fjell”