Sjølv ein grå januardag med sludd i lufta kan ein hageeigar med adresse Sotra finna noko å gleda seg over.

Du har sikkert merka det, du og. Dagslyset strekkjer seg litt lenger utover ettermiddagen. Ein månad etter solsnu har dagen rukke å verta ein time og 13 minutt lengre, ifølgje kalendaren.
For dei som veit kva dei skal sjå etter, vil ein kjapp inspeksjonsrunde i hagen innimellom sluddbygene avsløra små, men potente vårteikn i alt det grå. Snart bristeferdige knoppar ber bod om at djupt der inne i dei bladlause greinene, ute av syne for menneska sine granskande blikk, er våren i ferd med å rigga seg til.
Les: Vårlyng i januar
På lune stadar i hagen gjer dei første hassel-raklene seg klare.
Som med det meste anna i naturen, dreier det seg om formering. Hassel er sambu, det vil seia at han har både ho og hanblomar på same busken. Formeringa er det likevel vinden som sørgjer for.
Også med hassel er det hannen som fangar blikket. Hoblomen er liten og unnseeleg. Raklane vert danna om hausten, og er fulle av pollen. Men sjølv dei som måtte vera plaga med pollenallergi, kan gleda seg over synet av dei tidlege hassel-raklane sitt vårteikn no i januar. Først i månadsskiftet februar – mars vil bløminga verta så utbreidd at det kan gje luftvegsplager.
…og til hausten kan hageeigaren plukka hassel-nøtter.