-Det vil verta ein del overtallige, sjølv om intensjonsavtalen sikrar alle jobb og løn.

Slik ordla prosjektrådmann Rune Lid seg då han helsa 78 folkevalde frå Fjell, Sund og Øygarden velkomen til felles kommunestyremøte på Panorama i dag.
Det er mottakarane av tenestene som skal står i fokus når prosjektorgansisasjonen for Nye Øygarden no tek fatt på utarbeidinga av det endelege organisasjonskartet.
-Organiseringa må tilpassast til tenestene, seier Lid.
-Vi treng leiarar som tør stå i gråsona mellom dei ulike nivåa, og som har ein unik vilje til å ta ansvar, la første rådmannen i Nye Øygarden til.
Forslaget til organsiering på nivå to i dei fem vedtekne tenesteområda skal etter planen vera klart innan utgangen av februar.