Equinor har som første aktør fått tildelt areal for lagring av CO2 på norsk sokkel. Arealet ligg i tilknyting til Troll-feltet.

Det var Kongen i statsråd som i dag underteikna den historiske lisenstildelinga, framkjem det av ei pressemelding frå Olje- og energidepartementet.
Equinor, saman med Shell og Total, skal nytta arealet som ein del av forprosjekteringa av eit fullskala CO2-handteringsanlegg.
CO2-en skal fangast ved store industrianlegg på austlandet, fraktast med båt til Kollsnes der han skal mellomlagrast, før han vert sendt i rør ut på sokkelen.
Forprosjektet er meint å skulla gje eit meir nøyaktig estimat over kostnadane forbunde med etablering av eit permanent CO2-lager på norsk sokkel.
Oljeselskapa skal etter planen levera plan for utbygging og drift (PUD) i løpet av året. Det vert venta at Regjeringa skal treffe ei endeleg avgjerd kring årsskiftet 2020/2021.
One thought on “Historisk lisenstildeling for CO2-lagring”