Sotraverksemd nådde ikkje opp.
Etter andre gongs utlysing kom det inn tre tilbod på entreprisen på kabelkassane til høgspentkablane under Sotrabrua.

Det er HMR Voss AS, saman med UniProtect AS, som hadde det lågaste tilbodet på stålkassane som skal monterast under den noverande Sotrabrua og som skal omgje høgspentkablane til Sotra-samfunnet i framtida, ifølgje ei melding frå Statens vegvesen.
Tilbodet laud på 38,5 millionar kroner.
Vossafirmaet stakk av med kontrakten framfor nasen på Vertikal Service AS og Ågotnesverksemda Solid Vedlikehald AS som leverte eit tilbod på 45,2 millionar kroner. Det tredje tilbodet vart ikkje godkjent.
Statens vegvesen reknar med at entrepenøren vil koma i gang med arbeidet alt i slutten av januar.
Entreprisen på kabelkassane inngår ikkje i OPS-kontrakten på bygging av sjølve Sotrasambandet. OPS-kontrakten på vel 10 milliardar kroner eksklusiv finansiering og drift, vil først verta lyst ut på slutten av dette året.