Norske kvinner bør få fleire born, oppfordra statsminister Erna Solberg i nyttårstalen sin til det norske folket.

Ikkje berre freistar statsministeren å blanda seg inn i noko som er ei heilt privat avgjerd. Ho demonstrerer til fulle at ho ikkje forstår korleis kvardagen artar seg for fleirtalet av norske kvinner.
Dei Høgre-framskunda endringane i arbeidsmarknaden rammar stadig fleire norske kvinner – og menn. Vi er i ferd med å bli så fleksible som statsministeren, Høgre og NHO helst vil ha oss. Det vil seia at vi jobbar som vikarar, på engasjement, eller vi jobbar deltid.
Resultatet er at stadig fleire norske innbyggjarar opplever ein aukande økonomisk utryggleik i kvardagen. Ein utryggleik som særleg rammar unge i etableringsfasen.
Norske kvinner vil gjerne ha born. Når inntekta berre er sikra fram til slutten av inneverande vikariat, vegrar vi oss likevel for å påta oss det ekstra ansvaret ein unge vil innebera.
Erna, eit godt råd: Når norske kvinner føder stadig færre born, så er det ein direkte konsekvens av Høgre sin arbeidsmarknad-politikk. Held Høgre fast på denne linja, vil det verta fødd stadig færre små norske mirakler.
One thought on “Kommentar: Erna i utakt”