– Det er openbart uheldig at innbyggjarane i Fjell må ty både til advokatar og rekneskapsførarar for å få fram synspunkta sine, men i denne saka er det heilt naudsynt.

Det sa Bjarte Alræk i FAU ved Liljevatnet skule då Foreldreutvalet i mai fram ein motrapport til rådmannen si tilråding om å leggja ned skulen. Rapporten vart utarbeida av konsulent- og rekneskapsverksemda Amesto.