Kommunane vest for Bergen har teke eit krafttak for å få ned sjukefråværet siste året, men toppar framleis statistikken.

Med eit sjukefråvær på henhaldsvis 7,4 og 7,1 prosent, er Sund og Øygarden dei kommunane i Hordaland med høgast sjukefråvær, framkjem det av ei pressemelding frå NAV.
Dette trass i at kommunane har teke eit krafttak for å betra situasjonen siste året.
Sidan same tid i fjor er sjukefråværet i Sund redusert med 16 prosent. I Øygarden er fråværet redusert med 13 prosent.
Fjell er den kommunen i regionen som hadde lågaste sjukefråværet i kvartalet, 6,3 prosent, men her har utviklinga gått i feil retning siste året.
Levekårsutfordringar
– Det er dei kommunane med generelle levekårsutfordringar som ser ut til å verte hardast ramma, seier fungerande fylkesdirektør Tommy Johansen i NAV.
-Det er interessant å sjå sjukefråværet i ein større samanheng, seier fylkesdirektøren i Nav. Det handlar gjerne om at dei som bur i kommunar som scorar dårleg på levekårsundersøkingar, ofte har lågt utdanningsnivå. Når dei blir ramma av nedgang i arbeidsmarknaden, hjelp det ikkje om dei er mobile dersom det ikkje finst jobbar for dei utan utdanning andre stadar, seier Johansen.
Rekordlågt i Hordaland
I Hordaland generelt var sjukefråværet rekordlågt i månadane juli – september. Aldri tidlegare i dei ti åra NAV har målt fråværet, har sjukefråværet vore så lågt som 5,4 prosent, ifølgje Johansen.
616.000 dagsverk gjekk bort i sjukefråvær i fylket dei tre månadane, reknar dei i NAV.
Sjukefråværet aukar berre hos dei yngste, i aldersgruppa 16 – 29 år. Høgaste fråværet finn vi mellom tilsette innan helse- og sosiale tenester.
Muskel og skjelettplager er største einskildårsaka til sjukefråvær.
Sjukefråvær 3. kvartal 2018 |
||
3. kvartal 2018 | % sml. Q3 2017 | |
Sund | 7,4 | 16 |
Fjell | 6,3 | -7 |
Askøy | 6,5 | 2 |
Øygarden | 7,1 | 13 |