Å underteikna ein avtale om arealbruken i ein byvekstavtale no, er ordførar Marianne Sandahal Bjorøy svært skeptisk til.
(Saka er oppdatert med lenkjer.)

Les: Krev nullvekst for lokaltrafikk i Fjell i byvekstavtale
Frustrasjonen i nabokommunane til Bergen er stor. Forhandlingane med Samferdselsdepartementet, Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune om ein ny byvekstavtale for Bergensområdet har i praksis stått i stampe etter at representantane for Fjell, Askøy, Lindås og Os kommunar marsjerte ut av møtet 3. oktober, fortalde ordførar Marianne Sandhal Bjorøy under dagens møte i formannskapet i Fjell.
Les: Ein byvekstavtale vil påverka arealpolitikken
-Vi ønskjer å vera med, men vil først koma med tiltak i neste runde, når vi har utsikt til å få noko att, utdjupa Sandahl Bjorøy.
Å forlenga bybanen til Fyllingsdalen er det store tiltaket i neste byvekstavtale. Om den økonomiske ramma ikkje vert utvida, vert det vanskeleg for oss å delta. Vi må i det minst sjå ei krone att, og der er vi ikkje i dag, seier ordføraren i Fjell.
-Vi går på møter. Vi heng jo med, oppsummerer Sandhal Bjorøy korleis ordførarane i nabokommunane til Bergen oppfattar situasjonen.
One thought on “Sandhal Bjorøy skeptisk til byvekstavtale”