Dei ulovlege byggesakene hopar seg opp i Sund. No risikerer tiltakshavarane lovbrotsgebyr.

Planutvalet i Sund skal i dag avgjera korvidt kommunen skal innføra lovbrotsgebyr for brot på bestemmelsane i plan og bygningslova.
Tiltak som nyttar
Sund har lenge praktisert bruk av tvangsmulkt i samband med ulovleg bygging.
Les: Nausteigarar fekk mulkt som svir – Sund vil rydda i byggjesynder
Utvalsleiar Svein Otto Jacobsen (FrP) ser behov for å innføra fleire verktøy i verktøykassen.
– Tvangsmulkt nyttar ikkje. Det vert stadig fleire ulovlege saker. Vi treng noko som kan ha førbyggjande effekt. Ved å innføra lovbrotsgebyr får vi dessutan eit reglement der det vert likhet for alle, seier Jacobsen til nettavisa Tunnelsyn.no.
150 saker
Dei ulovlege sakene har hopa seg opp over tid. Ved siste oppteljing var det snakk om kring 150 saker, ifølgje utvalsleiaren.
Sakene varierer. Ulovleg bygging, bygg som står til nedfalls, sunkne båtar og lekke kloakkar, er døme på saker som treng å gripast tak i, ifølgje Jacobsen.
Fleire melder frå
– Lovbrotgebyr vil berre vera aktuelt ved tilhøve som ikkje vert retta opp når det vert gjeve påbod, understrekar Jacobsen.
Utvalsleiaren vil ikkje vera med på at dei mange sakene skuldast innskjerpingar i Plan og bygningslova siste åra. Auka merksemd kring denne typen saker har imidlertid ført til at fleire melder frå.
Variasjonar
Ikkje alle tilfella er like alvorlege. Det vil og verta spegla i storleiken på lovbrotsgebyra. Frå 10.000 kroner for mindre avvik, til 200.000 kroner i tilfelle der det er snakk om fåre for liv og helse eller for miljøet.
Prosjektering av ulovlege tiltak, og uriktig dokumentasjon av utførte tiltak, skal også omfattast av lovbrotsgebyret, vert der føreslege i saksgrunnlaget.
Ein spansk ein
-Nokre utbyggjarar er meir frampå enn andre, og tek gjerne ein spansk ein når dei ser anledning til det, hevdar Jacobsen.
– Det å ha alle papir i orden er diverre ingen garanti for at reglane vert følgt til punkt og prikke, beklagar leiaren for planutvalet i Sund.