Rune Lid har valt å henta tre av dei fem første kommunalsjefane i nye Øygarden frå dagens organisasjonar.

-På vegner av Nye Øygarden er eg glad for og stolt over at våre eigne folk har nådd opp trass i sterk konkurranse frå eksterne søkjarar, seier Rune Lid som i fellesnemnda den 29. oktober vart tilsett rådmann frå første januar 2020
-Eg forstår at nokre er skuffa over at dei ikkje nådde heilt opp. Tilsetjingsutvala har vore samla i avgjerda om kven som skulle få tilbod om stillingane. Prosessen har vist meg at det er svært mange dyktige medarbeidarar i dei tre kommunane, seier Lid.
Helse og velferd
Line Barmen (53) vert kommunalsjef for helse og velferd. Ho er i dag omsorgssjef i Fjell kommune. Ho er utdanna sjukepleiar.
Kultur og samfunn
Råmund Skjold (51), vert kommunalsjef for kultur og samfunn. Han er i dag kommunalsjef for tekniske tenester i Øygarden. Av utdanning er han cand agric, naturforvaltning frå Norges landbrukshøgskule på Ås.
Oppvekst
Anne-Merete Vabø Haugane (49) vert kommunalsjef for oppvekst. I dag er ho rektor på Fjell ungdomsskule.
Du kan lesa meir om dei tre nye kommunalsjefane på heimesida til nye Øygarden kommune.
Ein ekstern søkjar har fått tilbod om stillinga som kommunalsjef for Organisasjon og digitalisering, men har førebels ikkje takka ja.
Stillinga som kommunalsjef for økonomi vert lyst ut eksternt.