Den dramatiske historia om emigrantskipet De Zee Ploeg som havarerte utanfor Herdla i 1817 vert hovudoppsetjinga på Den Nationale Scene neste år.

Øverst på programmet for Den Nationale Scener for neste år, står ein dramatisert versjon av historia om emigrantskipet de Zee Ploeg.
Oppsetjinga vert ein av de mest omfattende produksjonene DNS har hatt på mange år, ifølgje ei pressemelding.
Seglskuta med 560 tyske emigrantar ombord havarerte utanfor Herdla etter å ha drive rundt storm i Nordsjøen i ein månad. Seinare vart det lagt i karantene på Sandviksflaket. Mange av passasjerane omkom undervegs.
Les: Flyktningekatastrofen på Sandviksflaket
Teatersjef Agnethe Haaland lovar eit storslått, historisk kostymedrama om sterke menneskeskjebner og store humanitære utfordringar.
I førestillinga følgjer vi den dramatiske sjøreisa. Vi får og innblikk i dei diskusjonane som pågikk i byen etter havariet. Dei foreldrelause borna som var om bord blei tekne mot av bergenske familiar, og fleire av dei har vore med å prega byen i ettertid.
Det er Stig Amdam som har skrive manus til den dramatiske historia om det DNS karaktiserer som anstendighet og nestekjærleik.
Les: Attfortel historia om bestefar sitt dramatiske skipsforlis