To personar er henta uskadde opp frå sjøen etter at flytedokken på CCB sank til botn under sitt første oppdrag.

Brannvesenet og ambulanse er på staden etter at fleire personar havna i sjøen då ein kran velta på CCB like før, melder politiet på Twitter.
– To personar havna i sjøen. Dei var utstyrt med foreskrive tryggleiksutstyr og vart plukka opp av picupbåten vår, seier ein svært kortfatta administrerande direktør Kurt Rune Andreassen ved CCB AS til nettavisa Tunnelsyn.no. Akkurat no freistar han få oversikt over korleis tapet av dokken kan ha skjedd.
Personane som er henta opp av sjøen skal vera uskadde, ifølgje Politiet.
Det som er klart, er at det var den 106 år gamle flytedokken som sank. Ulukka skjedde under gjennomføringa av dokken sitt aller første regulære oppdrag på CCB.
Flytedokken, som vart bygd i 1911, har hatt ein lang og omskifteleg «karriere» før han vart taua til CCB i fjor. Etter det nettavisa Tunnelsyn kjenner til, har han gjennomgått fleire testar før han i dag skulle gjennomføra sitt første regulære oppdrag.
Skipet som var i dokken då han sank kom uskadd frå det, og er no ute på fjorden, ifølgje Andreassen.
One thought on “Flytedokken havarerte under første oppdraget”