Passkontoret til Sotra og Øygarden lensmannskontor er eit av dei som skal verta oppgradert til å utsteda pass og ID-kort med biometrisk informasjon.

Det er for einkelt å skaffa seg pass på falskt grunnlag, hevdar dei i Justisdepartementet.
For å auka tryggleiksnivået i norske pass, og koma dei stadig meir avanserte ID-svindlarane i forkjøpet, har Regjeringa avgjort at norske pass om få år skal innehalda biometriske data.
Biometrisk informasjon, som fingeravtrykk eller irisbilete, er unik informasjon som gjev ein sikker identifikasjon av passeigaren.
Å utsteda sikre ID-dokument stiller krav til kompetanse og kvalitet hos personalet på passkontora. For å kunna gjera jobben på ein fullgod måte bør kvart passkontor utsteda 4.000 – 5.000 pass årleg, ifølgje Politidirektoratet.
Sotra og Øygarden lensmannskontor er eit av dei passkontora som vil verta oppgraderte til å utsteda pass og ID-kort som tilfredstiller dei nye krav til sikker identifikasjon.
Dei attverande passkontora skal tilby publikum eit betre servicenivå samanlikna med det innbyggjarane er vant til frå dagens kontor, lovar Justisdepartementet.
Tilpassinga til dei nye krava inneber at mange passkontor vil verta nedlagt. Askøy lensmannskontor er eit av dei som vil mista retten til å utsteda pass og ID-kort når den nye ordninga vert innført.