Kommunestyret i Fjell valde i går ny leiar for Forliksrådet.

Den tidlegare leiararen for Forliksrådet, Eli Bergsvik, har bede om fritak for resten av valperioden grunna helsemessige årsakar. I hennar stad rykka nestleiar Kristin Børve Jacobsen frå Sund opp som leiar.
Opprykket utløyste ein serie nyval: Som ny nestleiar vart vald Geir Oldenberg. Wenche Iren Ersland Liljegren vert nytt medlem, medan Hilde Elisabeth Lohmann Sandal vert nytt varamedlem.