Forland i Sund og Juvikflaten i Askøy er to av dei 17 stadane i Hordaland der elbileigarane snart kan gleda seg over tilgang til ein hurtigladar.

Ein raskt aukande flåte av elbilar krev nye ladepunkt. Hordaland fylkeskommune løyver no 4,4 millionar kroner i tilskot til utbygging av nye 78 nye ladepunkt på 17 stadar i fylket, ifølgje ei pressemelding frå Hordaland fylkeskommune.
Ein av dei nye hurtigladarane skal plasserast på Forland i Sund.
Ein annan på Juvikflaten i Askøy.
– Hordaland vert best i klassen i talet på hurtigladarar samanlikna med resten av landet, seier ei glad fylkeskordførar Anne Gine Hestetun i ein kommentar.
Det skal verta praktisk å køyra elbil, og då treng vi eit godt nettverk med hurtigladestasjonar over heile fylket. Hurtigladarar langs dei mest brukte vegane i fylket reduserer rekkeviddeangst og gjer at fleire tør velja elbil, utdjupar klima- og naturressursjef Sølve Sondbø i Hordaland fylkeskommune.
I september var 62 prosent av nybilane som vart selde i fylket elbil. 13 prosent var ladbare hybridar. Elbilane utgjer no 11,2 prosent av alle registrerte personbilar i fylket, ifølgje fylkeskommunen.
Betala i bomringen
Talet på elbilar som passerte bomringen i Bergen i oktober var heile 19,9 prosent, ifølgje pressemeldinga.
20 prosent elbilar gjennom bomringen er i bymiljøpannen sett som grense for når elbilane må byrja betala halv takst for passeringane.