Øygardsgensaren er kåra.

Kva er dei felles symbola i kulturarven til fjellsokningar, sundsokningar og øygardsstrilar? spurte leiinga i nye Øygarden kommune då dei lyste ut konkurranse om korleis Øygardsgensaren skulle sjå ut.
Les: Korleis bør Øygardsgensaren sjå ut?

Godt gjennomarbeida
– Det ligg ein imponerande innsats bak alle forslaga. Alle er godt gjennomarbeida, understreka ordførar Marianne Sandahl Bjorøy då ho kåra vinnaren under Sotra Husflidslag si årlege julemesse.
Seks forslag kom inn. Av dei 1.650 som stemte, var det flest som stemte på Mary-Ann Foldnes Fiskå sitt forslag til Øygardsgensar.
Les: Nye Øygarden i blått, grått og oker
Vinnarforslaget, som vart premiert med ein sjekk på 10.000 kroner, har henta farge frå himmel, hav, berg, knausar og lyngheiar, fortel Fiskå.
Vrangbord laga i fletter symboleliserer at innbyggjarane i den nye kommunen treng å bli fletta saman. Dei ulike mønstera er abstrakte samstundes som dei vitnar om tradisjon. Dei som ser nøye etter vil sjå element henta frå tidlegare sotragenserar og frå sjølve landskapet, rikt pynta med lyngen sine nydelege fargar. Bruene bind saman øyane her ute. Bruer må også bli bygd mellom alle oss som bur her, forklarar Foldnes Fiskå vinnarforslaget.
Garnpakkar
Mary-Ann Foldnes Fiskå har og utarbeida ein herremodell der den raude lyngfargen er ersatta med einergrønt.
-Gensaren er veldig einkel å strikka, og lett å montera, seier opphavskvinna.
Øygardsgensaren skal verta vårt nye festplagg. Sotra Husflidslag har teke på seg jobben med å utarbeida mønster i alle storleikar. Like over nyttår håpar dei å kunna tilby materiale og mønster til Øygardsgensaren som ferdige garnpakkar i samarbeid med Hillesvåg Ullvarefabrikk, fortel leiar Gunvor Bråthun Moe.
-Eg håpar flest mogeleg øygardsstrilar vel å sprada rundt i denne gensaren når nyttårsklokkene ringjer den nye kommunen inn 1.1.2020, seier ein smilande ordførar Marianne Sandahl Bjorøy.
3 thoughts on “Vi har ein vinnar”