Bergen Group ASA har tilsett Nils Hoff (56) som ny konsernsjef etter Torgeir Nærø.

Hoff tek over som øverste leiar i industrikonsernet i dag. Han kjem frå stillinga som finansdirektør i Bergen Group ASA, ifølgje ei børsmelding frå verksemda.
Torgeir Nærø vil halda fram som rådgjevar for Bergen Group ut første kvartal neste år. Han fungerte som toppleiar i verksemda i eitt år.
Les: Ny Bergen Group-sjef rekrutterer gjerne lokalt

-Gjennom Nils Hoff får vi ein konsernleiar med omfattande industriell erfaring frå endringsprosessar der det vert stilt store krav til fokus på sunn operasjonell drift og finansielle resultat, skriv styreleiar Hans Petter Eikeland i børsmeldinga.
Hoff har vore sentral i den pågåande strategiprosessen, noko som sikrar kontinuiteten når Torgeir Nærø takka for seg, legg styreleiaren til.
Samstundes rykkjer Morten Riiser (34) opp som ny finansdirektør i verksemda.