Kunststudentane i 1001 w brukar mørket som lerret og målar fram nye inntrykk av landskapet kring Fjell festning.

Lysfesten ved Fjell festning vart arrangert første gong i samband med Sykkel VM i 2017. No ser det ut til at lysfesten kan verta ein tradisjon.
Arrangørane, 1001 w, får 600.000 kroner i støtte frå Hordaland fylkeskommune neste tre åra til å gjennomføra Fjell Festning Light Festival.
1001 w hadde søkt om 900.000 kroner, av eit totalt budsjett på 3,47 millionar kroner.
Det er utval for kultur, idrett og regional utvikling som delar ut pengane gjennom kulturelt utviklingsprogram (KUP). Fjell Festning Light Festival er eit av 20 prosjekt som får totalt 6,6 millionar kroner i støtte. Totalt kom det inn 46 søknadar om 21,5 millionar kroner.