Berre tårnet av KNM Helge Ingstad stikk no opp av sjøen.

Fregatten KNM Helge Ingstad sank i natt djupare i sjøen, etter at festepunkta som hald baugen inn mot land rauk, kom det fram under Forsvaret sin pressekonferanse no klokka 11.00.
Både festepunkta i fjellet og waierane rauk. Fartøyet låg på kupert sjøbotnen, noko som innebar eit ekstra press på festa i baugen.
Les: Fregatt med sterk slagside etter kollisjon med tankskip ved Stureterminalen
Fartøyet har no lagt seg til ro på djupare vatn. Festa akterut held framleis.
-Sjøforsvaret er absolutt interessert i å koma til botn i kva som har skjedd, seier kommandørkaptein Nils Andreas Stensønes.
Sjøforsvaret set no i gang ein eigen interne undersøking av hendingsforløpet i tida før kollisjonen med tankskipet TS Sola.
Undersøkinga vil verta gjennomført i henhald til Forsvaret sine eigne retningslinjer, og vil skje i tillegg til undersøkinga til Statens havarikommisjon og Politiet si undersøking om det kan ha skjedd noko kriminelt.
Stensønes ønskjer ikkje å offentlegjera namna på dei som skal delta i den interna undersøkinga.