Kiwanis Sotra kom ikkje heilt i mål med salet av originalbiletet av Jacob Weidemann under haustutstillinga.

Kiwanis fekk inn fleire bod på Weidemann-biletet under årets haustutstilling, men boda var litt i underkant av kva dei hadde tenkt seg, seier president Egil Nygård i Kiwanis Sotra til nettavisa Tunnelsyn.
Les: Lokkar med ei original Weidemann
– Den innkomne boda var litt under forventningane, konstaterer Nygård. No har Kiwanis forlenga bodfristen.
Då Kiwanis fekk biletet på midten av 1990-talet, vart det stipulert at rette kjøparen burde vera villig til å betala 40.000 – 80.000, ifølgje Nygård.
Interesserte kan kontakta Nygård direkte.