Det er tid for å oppsummera eit ekstremår i rosehagen.

Kulderekord i februar. Varmerekord i mai. Tørkerekord i juli og nedbørsrekord i september. 2018 vil gå inn i historia som eit ekstremår på Sotra.
På grunn av – eller til trass for – naturen sine skiftande luner, vil 2018 også gå inn i historia som eit ekstremår i rosehagen på Straume.
Ikkje noko år har eg kunne gleda meg over så rik bløming, så tidleg. Alt i slutten av mai stod piggtrådrosa, Louise Bougnet, Albarosa, Spinisissima Plena, Hugenois og Mrs. Coleville i full blomst.
Les: Mens vi ventar på dei store, vulgære
I tørkemånaden juli formeleg lyste det av kvitt, raudt og rosa i alle delane av rosehagen. Dei blå kom litt seinare. Diverre skulle det ikkje mange vassdropane til før dei vart pjuskne i blada…
Jamnt over er det dei rosa som har klart seg best gjennom dei mange påkjenningane frå vergudane si side. Bonica, Home & Garden og Astri Lindgren skal alle ha ros for å ha gleda hageeigaren gjennom ein heil, skiftande sommar.
Som rose i særklasse må likevel utropast Leonardo da Vinci! Maken til bløming! Gjennom heile sommaren! Regnsterk er han og! Siste rosa tok eg inn sist helg.
I dag morgon låg det rim på bakken. Etter første frostnatta er det framleis roser i knopp i hagen. Tok inn ein fin bukett i dag og. Om vergudane seier seg nøgde med dei rekordane dei alt har sett, ser det ut til at hageeigaren vil kunna gleda seg over eigenproduserte roser i fleire veker framover.