Tilsetjing av første rådmannen i nye Øygarden er einaste punkt på dagsorden når Fellesnemnda mandag samlast til ekstraordinært møte.

På møtet vil tilsetjingsutvalet si innstilling verta lagt fram for politikarane til avgjerd.
Både prosjektrådmann Rune Lid og tidlegare plansjef i Fjell, Berit Rystad, vert rekna som sterke kandidatar med kjennskap til den nye kommunen.
Rune Lid har vist eit fast grep om framdrifta av bygginga av den nye felles organisasjonen. Berit Rystad forlot stillinga i Fjell for å verta leiar for sykkel og mobilitet i Bergen.
Totalt melde det seg 13 interessentar til den utlyste stillinga. Fire av dei kravde at namnet deira vert halde unna offentlegheit. Det er difor ikkje utenkjeleg at tilsetjingsnemnda kan ha landa på ein overraskande kandidat.