Omsynet til naturmangfaldet og den utryddingstruga hubroen er eitt av fylkesmannen sine hovudargument for å leggja inn motsegn mot eit planlagt hyttefelt på søre Turøy.

Det er Turøy Hyttefelt AS, men Einarsen-familien som største aksjonærar, som har fått utarbeida forslag til reguleringsplan med ei omfattande utbygging av fritidsbustadar i eit 362 mål stort område på Søre Turøy.
70 fritidsbustadar skal spreiast i rekkjer i landskapet. Samstundes vert det planlagt servicebygg, butikk og småbåthamn, ifølgje planutkastet som vart sendt på høyring før ferien.
Fylkemannen i Hordaland har sendt inn motsegn på grunnlag av fleire sider av planen.
Hubro
– Detaljplanen kjem i vesentleg konflikt med nasjonale naturverdiar. Utbygging får særleg negativ innverknad på hubroen, ein sterkt truga art i Noreg, skriv fylkesmannen i Hordland i uttalen til Fjell kommune.
Hubroen er ein raudlista art i Norge, og det er utarbeida ein nasjonal handlingsplan for å redda bestanden. Området på Turøy tilhøyrer kjerneområdet for hubro, og vert rekna som viktig både i nasjonal og lokal samanhang.
– Med bakgrunn i lokalisering og omfang av det planlagde hyttefeltet, vurderer vi det som sannsynleg at ei slik utbygging på Turøy vil føre til at området ikkje lenger vil vera leveområde for hubro, skriv fylkesmannen.
Fremma etter gammal lov

Planen har vore under arbeid lenge. Det er og noko av bakgrunnen for at fylkesmannen i Hordland no har sendt inn motsegn.
Første gong planen vart lagt fram, var i 2007. Planen vart fremma etter den gamle plan- og bygningslova. Han ikkje tek opp i seg det nye kravet om at ein plan skal vurderast opp mot omsynet til naturmangfaldet og heller ikkje innstramminga i strandsoneforvaltninga.
– Kommunen kan ikkje leggja ut til ettersyn ein plan som er varsla etter gammalt lovverk, innvender fylkesmannen.
Ut av arealplanen?
Fylkesmannen reagerer på at hyttelfeltet har lege passivt inne i kommuneplanen sin arealdel heilt frå 1999.
– Gjeldande kommuneplanen har gått ut på dato for dette området. Hytteområdet skulle vore vurdert tatt ut av planen, hevdar fylkesmannen.
-Ei vidare arealutvikling i området bør vurderast ved revisjon av kommuneplanen, slik at viktige areal- og naturverdiar blir vurderte innanfor ei overordna planramme, med konsekvensutgreiing, og i samsvar med naturmangfaldslova, tilrår fylkesmannen.
N100
Statens vegvesen har også varsla motsegn mot planen. Avkøyrsla frå fv. 234 tilfredstiller ikkje dei tekniske krava i handbok N100.
Også grendalaget på Turøy har hatt sterke innvendingar mot det planlagte hyttefeltet.