Grendalaget på Tellnes bør få kjøpa gymsalen til den nedlagde skulen for ei krone.

Fjell kommune bør kvitta seg med den nyleg nedlagde barneskulen på Tellnes, tilrår rådmannen.
Les: Lang debatt – harde frontar
Grendalaget på Tellnes bør få overta gymsalen på skulen, på same vilkår som grendalaga på Algrøy og Syltøy tidlegare har fått overta gymsalane på desse skulane.
Saman med gymsalen vil grendalaget få tilbod om å overta dusjanlegget, ballbingen og leikeapparata. Med i prisen vil dei og få overta eigedomsretten til 6.500 kvadratmeter av den sørlege delen av skuletomten.
Dei resterande 4.200 kvadratmetrane bør skiljast ut, omregulerast og seljast på den opne marknaden, tilrår rådmannen i Fjell.
Klasseromsdelen ser rådmannen helst vert riven. Om grendalaget ikkje ønskjer å ta mot gymsalen, kan heile skulen verta riven, og heile eigedomen seld på den opne marknaden.
I tilfelle grendalaget seinare vel å selja tomten eller bygget, bør Fjell kommune ta atterhald om at kommunen skal ha attkjøpsrett til same pris som eigedomen vart avhenda, men med tillegg for eventuelle investeringar som har ført til verdiauke på eigedomen.