Samferdselsminister Jon Georg Dale (FrP) ønskjer at flest mogeleg norske bilistar skal vurdera å byta ut bilen med ein motorsykkel.

-Motorsyklar er meir miljøvenlege. Dei bidreg til mindre køar, mindre lokal forureining og har mindre behov for parkeringsplassar, hevdar samferdselsministeren.
No har han gjeve konsulentverksemda KPMG i oppdrag å utgreia kva som skal til for at fleire skal velja to-hjuling framfor fir-hjuling.
Forslaget har bakgrunn i Jeløya-avtalen, den politiske plattforma til Regjeringa. Her kjem det fram at Regjeringa gjennom ei omlegging av avgiftspolitikken ønskjer å gjera det meir gunstig å kjøpa miljøvenlege motorsyklar.