Øygarden kommune bør bidra med dei midlane som skal til for å få på plass eit avgrensa rehabiliteringstilbod på det nye lokalmedisinske senteret frå dag ein.

Det er eit samrøystes formannskap i Øygarden som går inn for at kommunen bør løyva dei pengane som trengs til etablering av eit rehabiliteringstilbod ved det nye lokalmedinske senteret frå første dag.
Politisk ryggdekning
Det var Åse Vik, prosjektleiar for planlegginga av rehabiliteringstilbodet i Fjell, Sund og Øygarden, og assisterande rådmann i Øygarden, som tok opp temaet under formannskapet sitt møte i dag.
Forslaget om at Øygarden skal bidra økonomisk har så langt ikkje vore drøfta med samarbeidspartnarane i Fjell, Sund og Helse Bergen, seier Vik. Først ville ho sikra seg politisk ryggdeking i heimkommunen.
Storsatsing
Det nye lokalmedisinske senteret vert største satsinga i Fjell nokon gong, med eit bygg som aleine er budsjettert til 300 millionar kroner.
Les: Lokalmedisinsk senter tek form
Vertskommunen har ikkje hatt økonomiske musklar til å setja av dei midlane som trengs for å få alle dei planlagte tilboda på plass frå starten. Planane om eit rehabiliteringstilbod er noko av det som har blitt sett på vent.
Les: Kjempar for røntgen og høyresentral
10 + 10
Det planlagte rehabiliteringstilbodet ved det lokalmedisinske senteret legg opp til at det med tida skal etablerast 10 heildøgnplassar og like mange dagplassar for personar som treng fagleg hjelp til koma tilbake i vigør etter langvarig sjukdom eller ulukker, fortel Vik.
Gradvis opptrapping
Sidan dette er eit nytt tilbod, vil det vera ønskjeleg med ein forsiktig start. På den måten kan ein vinna erfaring med korleis eit slikt indivividuelt retta tilbod bør fungera, undertrekar prosjektleiaren.
Kor stort ein bør tenkja i starten, er noko Øygarden vil koma tilbake til i samband med budsjettprosessen. Då vil ordførar og rådmann og ha rukke å presentera og drøfta tanken for samarbeidspartnarane i Fjell, Sund og i Helse Bergen.
Kjøper tenester
Å få eit avgrensa rehabiliteringstilbod opp å stå vil ikkje nødvendigvis kosta så veldig mykje. I dag kjøper Øygarden rehabiliteringstenester hos Helse Bergen. Eindel av kostnadane med eit nytt tilbod på Straume vil difor vera kostnadar kommunen alt har i dag, argumenterte Silvia Haugland.
Om ein vel å starta med 50 prosent, vil det kosta kring sju millionar kroner på årsbasis, ifølgje Vik.
Det vert planlagt opning av det lokalmedisinske senteret tidleg på nyåret.