Optimismen er på veg tilbake i ein bransje som har fått det lokale fotavtrykket vesentleg redusert siste åra.

Sist var det statsminister Erna Solberg som stod for opninga. I år var ingen kø framfor inngangen då dørene til Offhore Technology Days opna klokka ti. Det var mange tomme stolar også under Statoil sitt opningsføredrag, men folk kom sigande etterkvart og stemninga tok seg opp.
Optimisme
– Optimismen er på veg tilbake, var gjennomgangstema hos dei leverandørane nettavisa Tunnelsyn.no snakka med.

Ei av dei lokale hjørnesteinsverksemdene som er godt synleg tilstade, og som har vore med på alle dei tidlegare messene, er Coast Center Base AS. Andre lokale lokomotiv som AkerSolutions og Technip FMC stilte derimot ikkje med eigen stand på denne 20. OTD-messa.
Digitalisering
OTD 2018 samla først og framst leverandørane til dei leiande oljeserviceverksemdene, ikkje operatørindustrien. For å peika ut retninga framover hadde dei henta inn Torbjørn Folgerø, ansvarleg for digitalisering i Equinor.
Tre faktorar vil styra framtida for olje- og gassindustrien; veksten i det globale energibehovet, klimaendringar og den digitale utviklinga. Ei utvikling som gav årets messe ein ørlite grønare profil enn tidlegare år.
– Equinor har smerteleg fått erfara at vi ikkje kontrollerer oljeprisen. Då få vi heller gjera noko med det vi kan kontrollera, innleia Folgerø eit føredrag der behovet for kontinuerleg omstilling var gjennomgangstema.
Rekordmange brønnar

Aktivitetsnivået på norsk sokkel må aukast, skal Equinor kunna halda stabil produksjon på norsk sokkel også etter 2030. Rekordmange 3.000 produksjons- og leitebrønnar vert planlagt neste tiåret – like mange som i alle dei føregåande 50 åra til saman.
Vinn-vinn-situasjonar?
– Kan vi sikra at alle skal tena pengar på dette? Korleis skapa ein vinn-vinn-situasjon? Leverandørane er no så pressa på pris at dei har problem med å fakturera 400 kroner timen for ingeniørar, innvende konferansier Helge Keilen i Offshore Media Group.
Dela informasjon
-Skal vi kunna skapa ein ny æra for norsk industri, må den kognitive kompetansen i offshoreindustrien digitaliserast, hevda Folgerø.
Industrien har vore langt framme med å plassera ut sensorar og samla inn store mengder data frå installasjonane. Informasjonen vert samla i operasjonssenteret på Sandsli og lagra i ei skyløysing.
-Informasjonen vil verta gjort tilgjengeleg for deling med leverandørane, lova Folgerø.
Effektivisering
– Målet må vera å auka aktivitetsnivået, men med færre tilsette. Det er avgjerande at industrien beheld den internasjonale konkurranseevna, var Folgerø tydeleg på.
Utviklinga på Sture og Kollsnes er signal på kva vi kan forventa. Kollsnes, som forsyner Europa med 35 prosent av all gassen dei forbruker, gjennomgår i desse dagar ei hardhendt omstilling.
0-100-200 på Sture og Kollsnes

På landanlegga i Øygarden har dei som mål å spara 200 millionar kroner, samstundes som leveransane skal vera 100 prosent punktlege og med null alvorlege hendingar, ifølgje anleggsdirektør Sturle Bergaas på Sture og Kollesnes.
Eit effektviseringsmål anleggsdirektøren ser for seg dei skal nå, ved hjelp av mellom anna LEAN-metodikk, standardisering av arbeidsprosessane og bruk av standardiserte løysingar frå levarndørindustrien.
Konkurransedyktig globalt
– Kontinuerleg forbetring må verta ein del av vårt DNA. Mange lokale leverandørar har vist seg å vera konkurransedyktige også i globale samanhangar, seier Bergaas.
Grønar profil
Statoil har skifta namn til Equinor, mellom anna for å framstå med auka truverd i ei internasjonal satsning på offshore vind. Ei satsing der norske leverandørar har liten kompetanse, og vil ha lite å henta ut over leveranse av fundament og logistikk, skal vi tru Keilen.
Les: Statsministeren på OTD: Norsk energipolitikk i spagat
Olje og gass har vore ein vesentleg bidragsytar til den norske velferdsstaten. Kor gode er Sotrastrilen på digitalisering? Kan hende er ikkje offshore lenger det opplagte svaret på kva som er framtida til Sotra?