Elbilar i Hordaland vert snart nøydde til å betala halv bompengeavgift.

Mange elbilar på vegnettet i Hordaland har ført til reduserte inntekter frå bompengar. Nullutsleppskøyretøy bør og vera med i spleiselaget og betala bompengar, meinar fylkesrådmannen i Hordaland.
Elbilane bidreg til køar og ureinar like mykje som fossilbilar med slitasje på vegbana og utslepp av mikroplast frå dekk.
Det er eit samrøystes utval for miljø og samferdsel i Hordaland som går inn for at elbilar og andre nullutsleppskøyretøy skal byrja betala for bruken av vegnettet.
Det vil verta innført innkreving av bompengar for elbilar på ti vegstrekkjer og på tre ferjer i fylket.
Askøybrua og bomringen i Bergen er to av dei vegsambanda i Hordaland som har høgast andel av elbilar. På Askøybrua er kvar fjerde bil elektrisk.
I bomringen i Bergen står elbilane 16,6 prosent av trafikken. Her ønskjer utvalet at elbilane skal byrja betala så snart dei står for 20 prosent av dei totale passeringane.
Fylkesutvalet skal ta endeleg stilling til forslaget 25. oktober.
2 thoughts on “Halv bompengeavgift for elbilar”