Oljekrisa og fallet i oljeprisen i 2015 kosta oljesmurte Fjell dyrt, har økonomane på rådhuset i Fjell rekna ut.

Det var økonomisjef Svend-Fredrik Untiet som i rådmann Steinar Nesse sitt sjukefråvær la fram dei dystre tala for Fjell-økonomien under årets budsjettsaminar for kommunestyret.
Les: Statsbudsjettet: Får 55 millionar meir å rutta med
Det samla inntektstapet til kommunen dei siste fire åra har vore på 87 millionar kroner, seier Untiet.
Budsjettgjennommgangen avslørte til fulle kor sårbar Fjell er for svingningar i oljeprisen. Fallet i skatteinntektene som følgje av oljekrisa aleine kosta Fjell 65 millionar.
Den rekordhøge arbeidsløysa i kjølvatnet av oljekrisa førte til redusert tilflytting og tap av ytterlegare 11 millionar i statleg veksttilskot.

Samtidig vart det statlege inntektssystemet lagt om, noko som har påført kommunen eit ytterlegare tap i inntekter på 10,4 millionar.
-Fjell kjem ikkje tilbake til inntektsnivået for 2015. Fjellsokningane skal merka minst mogeleg til dette, men det er eit utfordring å halda stabil drift, uavhengig av dei økonomiske svingingane, seier Untiet.
– Aktivitetsnivået til Fjell kommune er ikkje tilpassa inntektsnivået, hevdar økonmirådjevar Heine Kleppe.
Les: Få, men friske eldre «bergar» Fjell-budsjettet
Nettavisa Tunnelsyn.no kjem tilbake med fleire nyhendameldingar frå budsjettseminaret i løpet av dagen.
5 thoughts on “Økonomisjefen i Fjell: – Vi kjem ikkje tilbake dit”