14 stillingar i det kommunale barnevernet i region vest siste fem åra er finansiert med statlege midlar.

Det er fylkesmannen i Hordland som har ansvar for tildelinga statlege midlar til det kommunale barnevernet.
Dei 14 stillingane i region vest er fordelte mellom seks stillingar i Askøy, fem i Fjell, halvannan i Sund og ein halv i Øygarden.
Det er i tillegg oppretta ein stilling i den felles barnevernvakta for Fjell, Sund og Øygarden.
Faste stillingar
Barnevernet i kommunane treng styrkast med nye, faste stillingar, var intensjonen då ordninga med statlege tilskot vart innført i 2013.
Neste år
Kommunar som har fått tilskot for 2018, kan forventa at ordninga vil halda fram også neste år, melder fylkesmannen.
Fylkesmannen i Hordaland har i 2018 tildelt 65,4 millionar kroner til føremålet. Totalt er det oppretta 88.9 stillingar.
One thought on “Har styrka barnevernet i kommunane”