Hordaland fylkeskommune er ikkje førebudd på å handtera det transportbehovet som kan oppstå i samband med ei større hending, krise eller ulukke på fylkesvegnettet.

I ein fersk rapport får fylkeskommunen flengjande kritikk for manglande beredskapsplanar for transport på fylkesvegnettet.
Det er Deloitte, som på vegne av kontrollutvalet i Hordaland fylkeskommune, har utarbeida ein forvaltningsrevisjonsrapport om beredskapen på fylkesvegnettet. Rapporten vart lagt fram for fylkestinget sist veke.
Sotra-brua
Beredskapsplanen i tilfelle langvarig stenging av Sotra-brua er den einaste beredskapsplanen for vegnettet i Hordaland som tek utgangspunkt i gjennomførte ROS- og beredskapsanalyser, ifølgje Deloitte.
Den relativt ferske beredskapsplanen for Sotra-sambandet vart utarbeida etter flengjande kritikk frå fylkesmannen.
Les: Manglar kriseplanar
Tilsvarande planar, mellom anna for Askøy-brua, er noko av det revisjonen no etterlyser.
Ikkje førebudd
– Etter revisjonen si vurdering manglar fylkeskommunen tilstrekkeleg med beredskapsplanar som er naudsynte for å vere tilstrekkeleg førebudd på å handtere det transportbehovet som skulle oppstå som følgje av ei større hending, krise eller ulukke.
– Fylkeskommunen har heller ikkje på andre måtar sytt for ei tilstrekkeleg detaljert planlegging av transportberedskapen i samsvar med forskrift for sivil transportberedskap, som tydeleggjer korleis transporten skal gjennomførast i praksis dersom ei hending utløyser beredskapsbehov.
Utdaterte ROS-analysar
Vel har fylkeskommunen fått utført eindel ROS- og beredskapsanalyser. Men ROS-og beredskapsnalysane skriv seg tilbake til 2010, og er ikkje oppdaterte med tanke på dagens utfordringar, som flaum og ras på vegnettet, kom det fram då fylkestinget behandla rapporten.
Omfattande samarbeid
Ein beredskapsplan for vegnettet er ein kompleks plan som krev omfattande samarbeid med fleire aktørar; Statens vegvesen, kommunane og transportselskapa må alle involverast skal planane for transportberedskapen i fylket tilfredstilla dei statlege krava til sivil beredskap.
Praktisk gjennomføring
Fylkestinget gav fylkesrådmannen i oppdrag å sørgja for at det vert utarbeida planar for praktisk gjennomføring av transportberedskapen i tilfelle ei større hending, krise eller ulukke på fylkesvegnettet.
Du kan lesa Deloitte sin forvaltningsrevisjonsrapport på innkallinga til møtet i fylkestinget.
One thought on “Manglar beredskapsplan for Askøy-brua”