Administrerande direktør Kurt Rune Andreassen vil ha sin siste arbeidsdag på CCB AS 1. april neste år.

I ein epost til nettavisa Tunnelsyn.no bekreftar Andreassen at han forlet sjefsstolen i CCB 1. april neste år.
Kurt Rune Andreassen har vore administrerande direktør på Coast Center Base AS sidan 1998. Bortsett frå eit par år som eigedomssjef i Liegruppen AS, har han hatt heile sitt yrkesaktive liv på Ågotnes.
CCB har opplevd oppturar og nedturar sidan starten i 1974. Under Andreassen si leiing har basen utvikla seg frå å vera ein rein forsyningsbase til å satsa tungt på subsea og riggvedlikehald. Verksemda er i dag medeigar i basar langs heile norskekysten, og på Las Palmas.
I kraft av å vera framoverlent sjef i ei leiande offshoreverksemd har Andreassen vore ei drivkraft for utviklinga i vekstkommunen Fjell. CCB er i dag navet i offshoreklyngen i Bergens-området, med nærare 3.000 tilsette i eit 50-tals verksemder. Etter gjentekne omstillingar har omsetningen dei siste åra stabilisert seg rundt 800 millionar kroner.
Nettavisa Tunnelsyn.no har hatt fleire større intervju med Andreassen:
Les: CCB-sjefen om den lange nedoverbakken