Responsen på designkonkurransen for fylkesvåpen for nye Vestland fylkeskommune var overveldande. Snart kan du vera med å stemma fram det mest samlande forslaget.

Før sommaren lyste Hordaland fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune ut ein felles «folkekonkurranse» for å designa forslag til fylkesvåpen for nye Vestland fylkeskommune.
Verken hordar, sogningar eller fjordingar har late seg stoppa av det fine sommarveret. Responsen var overveldande. Heile 667 ulike forslag kom inn.
Du kan sjå alle dei innkomne forslaga her:
Stor variasjon

Variasjonen i dei innkomne forslaga er stor. Juryen har delt forslaga inn i tre kategoriar; kultur og historie, natur og landskap og samtid. Her er mykje heraldikk, men og nokre gløtt av humor – innimellom.
– Den overveldande responsen syner at fylkesvåpenet er eit viktig symbol for mange, seier assisterande fylkesdirektør for næring og kultur, Ingebjørg Erikstad i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Per Morten Ekerhovd, fylkesdirektør for kultur i Hordaland, har tru på at prosessen til slutt vil gje oss eit fylkesvåpen som vil vere samlande for innbyggjarane i den nye fylkeskommunen.
Stem på din favoritt
Ein folkejury og ein fagjury vil no plukka ut ti forslag kvar. Desse vil verta lagt ut til ei nettrøysting i slutten av månaden. Då vil du kunna stamma på det forslaget du meinar er mest representativt og samlande for dei to vestlandsfylka.

Folkefavoritten og dei 19 andre finalebidraga vil då inngå som inspirasjon til ein «ordentleg» designkonkurranse, der fagjuryen kjem med inntilling til politikarane i dei to fylkestinga i desember.
Demokratisk snarveg?
Fellesnmenda for Fjell, Sund og Øygarden har vedteke at fyrtårnet skal symbolisera nye Øygarden. Det gjorde dei utan debatt. Kan politikarane ha teke ein snarveg utanom den demokratiske, identitetsbyggjande prosessen den nye kommunen må byggja på?
Les: Fyrtårnet vert kommunevåpen
I staden satsar våre lokale politikarar på å få designa ein felles gensar.
Les: Korleis bør Øygards-gensaren sjå ut?
One thought on “Mykje heraldikk – og litt humor”