Verksemder og offentlege institusjonar i ”oljekommunane” vest for Bergen har i liten grad fått augo opp for at Enova kan gje vesentlege tilskot til energieffektiviserande tiltak. Minst medvitne om tilskotsmidlane er dei i Askøy.
(Saka er oppdatert.)

Statlege Enova har som føremål å bidra til reduserte utslepp av klimagassar, styrka forsyningstryggleiken for energi og utvikling av teknologi som på lengre sikt bidreg til reduserte utslepp av klimagassar.
Breidt føremål
Det breie føremålet til Enova inneber at alt frå hurtigladestasjonar og einkle energieffektiviserande tiltak, som skifte av utvendig bordkledning og etterisolasjon av bygg, til avansert teknologiutvikling kan få støtte.
Den statlege støtta varierer. Typisk kan eit prosjekt få dekka 30 – 50 prosent av investeringskostnaden gjennom Enova, avhengig av type prosjekt, og om det er ei verksemd eller ein kommune som står som søkjar, ifølgje kommunikasjonsdirektør Eiliv Flakne i Enova.
870 millionar
Dei siste tre åra har Enova i Hordaland aleine gjeve 870 millionar kroner i støtte til totalt 204 prosjekt. Berre fire prosent, eller 35,4 av desse millionane, har havna i kommunane i Region Vest, viser analysen nettavisa Tunnelsyn har gjort.
Etter folkemengda i dei fire kommunane å døma, burde tilskotsummen ha vore minst dobbelt så høg.
Ukjent årsak
Ei gjennomgåing av prosjektlista viser at ”oljekommunane” vest for Bergen i svært liten grad har nytta seg av tilbodet om offentleg tilskot til klimatiltak i breiaste forstand. Korvidt det skuldast liten interesse for å investera i energieffektiviserande og klimavenlege tiltak, eller om verksemder og offentlege institusjonar ikkje har god nok kjennskap til Enova sine tilbod, er vanskeleg å avgjera.
Har tapt millionar
Verksemdene og dei offentlege institusjonane i desse kommunane har uansett gått glipp av mange millionar kroner i direkte støtte, samstundes som driftskostnadane har vore unødvendig høge.
Verst er situasjonen i Askøy. I den folkerikaste kommunen i Hordland nest etter Bergen har berre tre prosjekt fått Enova-støtte dei siste tre åra. Samla stønadssum er 5,6 millionar kroner.
CCB
Til samanlikning er det i Fjell sju prosjekt som har fått støtte, med totalt 24,4 millionar kroner. Brorparten av beløpet, heile 79,5 prosent, eller 19,39 millionar, har gått til landstraumanlegg på CCB AS.
Les: Trur landstraum vert lovpålagt – håvar inn Enova-støtte

Mest medvitne på tilskotsmogelegheitane verkar dei vera i fiskeri- og havbrukskommunen Sund. Verksemder i kommunen der folketalet berre utgjer fjerdedelen av det Askøy har, har fått støtte til heile fem prosjekt. Samla tilskotssum her er 3,95 millionar kroner.
Støtta til det nye slaktefartøyet til Hav Line Gruppen AS, som vert eigd 50 prosent av Sekkingstadfamilien, er halden utanfor avdi føretaket offisielt har adresse i Bergen. Enova-tilskotet utgjer i dette tilfellet 6,55 millionar kroner.
Les: Slaktefartøy får Enova-støtte
Enova-støtte 2015 – 2017 | ||
prosjekt | støtte | |
Sund | 5 | 3 956 341 |
Fjell | 7 | 24 444 401 |
Askøy | 3 | 5 619 434 |
Øygarden | 2 | 1 400 000 |
Samla | 17 | 35 420 176 |