Fjell kommune er ein av ni kommunar som har valt å låna pengar på Oslo Børs i første kvartal.

Planar om store investeringar tilseier at Fjell kommune har eit aukande finansieringsbehov som ikkje kan dekkast gjennom lån i Kommunalbanken eller andre statlege låneinstitusjonar.
Oslo Børs har blitt løysinga. Hordaland fylkeskommune gjekk på børs i fjor vinter. No føl Fjell kommune etter.
122 millionar
I januar fekk kommunen notert eit obligasjonslån på 121,670 millionar kroner. Renta på det femårige obligasjonslånet er 0,56 prosent over utlånsrenta til Norges Bank.
Gjengangar
Hordaland fylkeskommune er ein gjengangar på Oslo Børs. Sidan debuten for vel eitt år sidan, harfylkeskommunen notert seks obligasjonslån med ein samla uteståande verdi på 2,645 milliardar kroner.
Breiare investorbase
Heile 63 kommunar og fylkeskommunar har til no valt å notera låna sine på Oslo Børs. Det gjer dei mellom anna for å sikra betre lånevilkår og tilgang på ei breiare investorbase, ifølgje ei pressemelding frå Oslo Børs.
2 thoughts on “Fjell henta finansiering på Oslo Børs”